
Treningskamp mot Hasundgot tysdag: Tempo og framoverretta
Tysdag har damelaget ny treningskamp, der dei møte Hasundgot for andre gong i vinter. Biletet er ifrå oppgjeret før i vinter A-lag damer
Synst vi hadde ein god kamp mot Volda sist kamp. Vi følte nok at første omgang ikkje var god, sidan vi låg under 0-2 til pause, uansett var det hint av bra og skapande spel. Det at vi klarte og snu kampen til 3-2 i andre omgang vise sterk mentalitet og fint å sjå at vi får utteljing spelmessig. Og med tanke på at det var gruppespelkamp i Sunnmørsposten Cup så var det viktig å vinne kampen og ta grep om gruppesigeren, fortel hovudtrenar Ronny Osnes
Tysdag spelar Hødd og Hasundgot treningskamp mot kvarandre for andre gong i vinter. Kampstart 18:30 på Høddvoll.
Tysdag er det viktig at både laget står sterkt saman og støtta kvarandre, samtidig som at det er moglegheit for enkeltspelarar å ta ansvar og vise seg fram. Vi ønsker å spele med størst mogleg tempo og vere framoverretta så ofte som mogleg for å skape gjennombrot. Samtidig er det ein viktig kamp for å danne relasjonar og skaffe oss kampform inn imot kampen mot AaFK Fortuna 2 på søndag som er avgjerande for vidare avansement i årets Sunnmørsposten Cup, fortel Osnes.
Vidare legg Osnes til at det er i det offensive spelet han vil sjå progresjon og utvikling:
- Offensivt ønsker vi å fortsette å skape sjansar og score mål. Angriparane våre har jobba godt med avslutningar dei siste vekene, og eg trur vi blir skarpe denne sesongen. Eg ønska også å sjå at vi evna å halde tempoet oppe i lengre periodar av kampen, og sjølvsagt sjå igjen det vi har trena på.
Det dei har øvd på i den siste perioden er å danne betre og fleire relasjonar offensivt for å utnytte deira sin spisskompetanse og samspel, nettopp for å ha fleire kort på handa å spele på. Spennande å sjå om vi får sjå det i aksjon på tysdag. Vidare legg Osnes til at dei også må ha kontroll defensivt og laget må ta omsyn til det Hasundgot har å kome med, mest sannsynleg på kontring, dødball eller direktespel.
Tankar om å møte Hasundgot til ny treningskamp onsdag?
Eg synst det er fint med kampar mot Hasundgot. Dei har gode spelarar, mange kjente tidlegare blå, og eg trur dei vil få ein god sesong. Det er jo bra med litt sunn rivalisering og det er jo berre gøy. Samtidig er det også bra for oss å fått spelt kampar mot andre enn dei vi spelar i sesong mot, bra med avveksling. Og Hasundgot har kvalitet i laget sitt som vi må vere klare for, avslutt Osnes med.