
Treningskamp SK Træff: Begynne å skru til litt no
På laurdag er det nyopprykka Træff som gjestar Høddvoll til ny treningskamp. Toppfotball
Kampen sist mot Brattvåg var det viktig å få brukt og testa heile troppa, for å sjå dei i kampsituasjon og utviklinga. Starta med eit godt lag imot Brattvåg der fleire av dei som ikkje har fått spelt så mykje fekk moglegheit til å vise seg fram og fekk mange svar, fortel Marius Bøe.
«No begynne vi å skru til litt da» fortel Bøe før sesongstarten brakar laust med kun 3 treningskampar igjen.
Laurdag 08.03 er det ny treningskamp på Høddvoll med SK Træff som motstandar denne gongen. Med nokon representantar i frå Træff som har vore på besøk i dag for gjennomgang med kordan vi gjer det hær på Høddvoll.
No møte vi eit lag som er nyopprykka til Post-Nord ligaen, dei er eit bra lag med masse gode fotballspelarar og med Forren i spissen. Det blir ein tøff kamp der begge laga meir eller mindre spelar på same måte, så det blir spennande. Vi kjem til å stille eit godt lag og prøve å dominere kampen, som er å forvente, fortel Bøe.
Dion Osdautaj ifrå Vard Haugesund har vore på prøvespel denne veka og er til å sjå i aksjon på laurdag. Dion er ein spelar vi har hatt eit auge til sia vi møtte han forgje sesong, i tillegg var han tatt ut til unionsduellen mot Sverige i fjor der han imponerte Bøe som leia laget.
Dion er ein kantspelar med ekstrem x-faktor i seg og gode offensive kvalitetar. Vi inviterte han hit fordi vi synst han er ein spennande spelar og tida vil vise kva som skjer, fortel Bøe.
Det er som oftast litt smågreier med skadar og slikt i ein sesongoppkøyring, men vi ser bra ut og 20 spelarar på felt som er tilgjengeleg. Aske er på feltet igjen etter skade, så det er positivt. Daniel og Anne Marte er flinke og gjer ein god jobb, fortel Bøe.