Tusen takk for innsatsen i Hødd
Andreas Fjørtoft har bestemt seg for å slutte med fotball på toppnivå, og vil med det takke for seg i Hødd-drakta. Toppfotball
Andreas tok steget opp på A-laget i år, og hadde fleire gode kampar i starten av sesongen før ei lei hovudskade sette han ut av spel ein periode.
Etter ein lengre intern prosess har han no bestemt seg for å legge skoa på hylla i alle fall som profesjonell fotballspelar og prioritere annleis i tida framover.
- Etter ein lang, tøff og ærleg prosess har eg bestemt meg for å slutte med fotball. Det er det enkle faktum at eg ikkje har lyst nok til å holde på med det meir. Motivasjonen var på botn og det gøye for meg var ikkje der lenger. For å bli fotballspelar på det høgste nivået må du vere toppidrettsutøvar 24/7. Det er enten «all inn» eller ikkje. Det er veldig intenst og krevst ekstremt masse, og du bruka mesteparten av tida du har. Derfor har eg kjent over ein lengre periode at det er ikkje dette eg vil bruka tida mi på akkurat no. No trenger eg å ta avstand frå fotball og få kjenne på korleis det følast. Sett veldig pris på tilliten eg har fått med Marius, Jesper og alle andre i Hødd. Eg takka Hødd for alle gode minna eg har fått. Eg kjem alltid til å heie på Hødd. Kanskje ein vakker dag sjåast vi igjen, seier Andreas Fjørtoft.
Sportssjef Jesper Törnqvist seier det er ein trist beskjed å få:
- Andreas har etter ein prosess sjølv kome fram til at han ønskjer å ta ei pause frå fotballen. Idrett på toppnivå og spesielt kanskje på nivået Hødd spelar på er veldig krevjande og intens. Ein trist beskjed og få av ein godt likt spelar i gruppa og ein god spelar, og ikkje minst ein fantastisk snille person. Samtidig er det fint at Andreas tørr å vere ærleg på sine følelsar og ta avgjersle rundt dette. Det vitna om eit godt fellesskap og kameratskap som Andreas har vore ein del av. Vi takka Fjør for mange gode minner denne gang og sjåast på Høddvoll! Lukke til vidare!
Hovudtrenar Marius Bøe seier Fjørtoft vil bli sakna:
- Når ein flott person og ein dyktig fotballspelar vel å trappe ned, gjer det sjølvsagt noko med oss alle her på Høddvoll. Fjørtoft vil bli sakna. Han har vore ein viktig del av miljøet her, og har definitivt vore med å utvikle det gode samhaldet spelarane har. Fotballen er brutal, så det å vere 24 timars utøvar er krevjande. At Fjørtoft no har vore så ærleg med seg sjølv, familien, trenarteam, lagkompisar og klubben, står det stor respekt av. Han vil bli sakna i garderoben og på feltet. Uansett så er du ein av oss! Lukke til vidare Andreas.
Hødd Fotball ønskjer å takke Andreas for innsatsen i Hødd-drakta og ønskjer han lukke til vidare!