Tussa har signert ny hovudsponsoravtale med Hødd Fotball
Tussa har signert ein ny hovudsponsoravtale med Hødd Fotball for dei neste to åra.
Tussa har vore ein lang og trufast hovudsponsor for Hødd Fotball i veldig mange år og klubben er særs nøgd med å forlenge dette samarbeidet.
- Tussa har vore ein samarbeidspartnar i med- og motgang, opp- og nedturar i veldig mange år. Det at vi har blitt einige om ein ny hovudsponsoravtale for dei neste to åra er veldig gledeleg. Tussa er ein særs viktig aktør i lokalsamfunnet, og denne avtalen gjer at vi kan halde oppe det gode aktivitetstilbodet til barn og unge i Hødd. Tussa er ein av dei største og viktigaste samarbeidspartnarane til Hødd Fotball og vi ser fram til å fortsette og vidareutvikle dette samarbeidet. Tusen takk til vår hovudsponsor Tussa som er med oss vidare dei neste to åra, seier Marknad- og medieansvarleg i Hødd Fotball, André Aurvåg Gardshol.
Kommunikasjonssjef i Tussa, Ann Kristin Einbu
- Tussa ønskjer å vere ein lokal og ansvarleg medspelar, og vi har eit godt samarbeid med Hødd. Skal vi skape attraktive lokalsamfunn å bu og arbeide i er vi avhengige av gode fritidstilbod. Hødd er ein av dei største klubbane på søre Sunnmøre, og ein viktig bidragsytar til dette. Tussa er stolte over å kunne støtte både små og store lag og organisasjonar i området, og bidra til eit mangfald av kultur- og idrettsaktivitetar.