Uranik Seferi klar for Hødd

Hødd og Lillestrøm SK er einige om eit lån av Uranik Seferi ut sesongen. FOTO: Lillestrøm SK

Etter ein god dialog mellom klubbane vil LSK-spelar Uranik Seferi bli lånt ut til Hødd ut sesongen, med moglegheit for forlenging av avtale.

Hovudtrenar Marius Bøe seier dette i ein kommentar:

- Veldig glad for at Uranik vil kome til Ulsteinvik for å vidareutvikle seg. Uranik er ein spelar eg kjenner godt gjennom aldersbestemte landslag og gjennom tida mi i Lillestrøm. Han er ein hardtarbeidande spelar med gode ferdigheiter. Han kjenner kulturen her, og han veit kva som krevst for å vere ein Høddspelar. Velkomen!

Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette i ein kommentar:

- Uranik er ein teknisk tofota spelar som vi kjenner til frå tidlegare. Ein spelar med det noko ekstra som vi trur kan utviklast ilag med dei andre i haust. Uranik er også på utgåande kontrakt i LSK som gjer at vi også har samtalar om eit lengre forhold. Vi ønskjer Uranik velkomen til Hødd.

Vi ønskjer Uranik velkomen til Hødd!

Annonse fra Obos-ligaen: