Ute å henta erfaring og referansar

Fleire av spelarane på damelaget trenar denne sommaren med rekruttlaget til Lyn, og HamKam. Begge laga kjempar i toppen av 2. divisjon.

I sommar skal fire av spelarane trene i andre miljø no når Hødd sitt damelag tek ei sommarpause.

Siri Eliassen Aske, Siri Teige Eiksund og Amanda Worren Eikrem skal til Oslo og trene med rekruttlaget til Lyn. Lyn 2 ligg toppen av 2. divisjon og målet er å skaffe seg erfaring og referansar på eit høgre nivå.

- Det kan også vere fint for Lyn å stifte kjennskap med ambisiøse spelarar med tanke på framtida og kanskje studiar etterkvart, seier hovudtrenar Ronny Osnes.

Amalie Fjørtoft Vik reiser til Hamar og skal prøvespele for HamKam, som toppar 2. divisjon i si avdeling.

- Dette er moglegheiter som kjem gjennom mitt kontaktnettverk innan damefotballen, og desse spelarane har vist framgang, investert mykje i fotball og trening, og har ambisjonar på kortare og lengre sikt om å bli fotballspelarar på eit høgre nivå.

- Hødd skal vere eit utviklingsklubb som har som mål å utvikle spelarar til toppfotballen i Norge. Spelarar som er i Hødd og som er ambisiøse vil få moglegheita til å samle nye erfaringar slik som desse fire spelarane, og ta steget vidare til eit høgre nivå, seier Ronny.

Dei siste åra har fleire spelarar utvikla seg i Hødd og tatt steget vidare til eit høgre nivå, og enkelte også inn i toppfotballen. Klubben har siste åra levert frå seg Jenny Sætre (Lyn), Jenni Walaunet (Amazon Grimstad), Thea Ertesvåg (KIL/Hemne), Madelen Eid (AaFK Fortuna), Helena Nygård (Molde FK), Juliane Bringsvor (Molde – no Amazon Grimstad), Mia Nygård (Molde) og Anna Nerland Aahjem (Lyn – no Brann) og Vilde Hasund (Røa – Lyn – Sandviken og no Hammarby).

Klubben vil også takke Mathea Loe Selbervik som no flyttar til Trondheim for vidare studiar. Mathea skal derfor frå hausten av spele for Tiller.

Vi ønsker spelarane lukke til på treningsopphold med Lyn og HamKam.

Annonse: