Velkomen til årets Tare Cup
Vi ser fram til å ønske alle lag velkomne til Sparebanken Møre Arena når Tare Cup gutar blir arrangert i helga! Tare Cup
I samarbeid med Generalsponsor Sparebanken Møre ønsker vi liten og stor velkomne til fotballfest i Sparebanken Møre Arena i Ålesund. Det er i år også heilt fullt på turneringa og fleire lag på venteliste.
Ca. 2 500 spelarar fordelt på 301 lag, og heile 581 kampar skal gjennomførast denne helga.
- Vi ønsker å takke alle klubbar og lag som har meldt seg på årets Tare Cup. Veldig gledeleg med så mange påmeldte lag nok eit år!
- Det er også venta rundt 15 000 personar i hallen denne helga. Veldig kjekt for oss som arrangør å legge til rette for så stor aktivitet for så mange barn, seier marknad- og medieansvarleg André Aurvåg Gardshol i IL Hødd Fotball.
Alle lag vil få minimum 3 kampar under turneringa. For klassene G06 og G07 som spelar 3-ar fotball vil det bli spelt minimum 5 kampar, men med litt kortare speletid enn i dei andre klassene.
Mellom kampane kan spelarar og tilskodarar kjøpe seg mat og drikke frå fleire kioskar inne i hallen, så alt er lagt til rette for to spennande dagar.
- Kampar laurdag 09.00 – 18.30
- Kampar søndag 08.20 – 20.00
- Intersport stand med flotte Puma produkt
- Kiosk
- Premieutdeling på scena
I tillegg til alt som skjer i hallen, så vil også vår trufaste maskot Tare vere til stades under turneringa.