Wattn og Hødd Fotball inngår eit utvida og spennande samarbeid for 2025-sesongen

Etter ein god dialog over lengre tid er vi glade for å få med Wattn på eit utvida og spennande samarbeid.

Avtalen som er inngått vil ikkje berre vere viktig for Wattn og Hødd Fotball, men også gi gode kundefordelar for kundane til Wattn. Meir informasjon om dette vil kome på eit seinare tidspunkt i sesongen.

- Vi er svært glade for å lande ein avtale med Wattn for 2025-sesongen. Med denne avtalen viser Wattn sitt viktige engasjement i regionen, og blir samtidig ein viktig samarbeidspartnar for Hødd Fotball i 2025. Vi vil derfor takke Wattn for avtalen og ser fram til å ta samarbeidet eit ytterlegare steg vidare det komande året, seier marknadsansvarleg i Hødd Fotball, André Aurvåg Gardshol.

Wattn er stolte over å vere sponsor i Hødd Fotball.

- Vi er stolte av å vere sponsor for Hødd. I Wattn heiar vi på det lokale engasjementet, lagånda og stå-på-viljen Hødd representerer. Vi gler oss til å vere med på nok ein sesong full av energi og store opplevingar, seier sals- og marknadsdirektør i Wattn, Frank Torheim.

Hødd Fotball ser fram til eit godt samarbeid med Wattn i årets sesong!

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: